Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Andre Gorz

«Frigjering som ein kollektiv prosess vi ikkje alle opplever som vår eiga individuelle frigjering er nettopp det ’opplyste diktatur’, slik det til no har blitt praktisert av Kyrkja, det allvitande Lenin-partiet og den væpna avantgarden. Om vi kjempar for kollektiv frigjering med metodar som held fram med å gjera individa til villige reiskapar for noko transcendentalt, då vil midla som var tenkt å skulla skapa frigjering i praksis hindra ho.»Orda kjem frå den venstresosialistiske teoretikaren og journalisten Andre Gorz. På 1960-talet var han, saman med folk som Herbert Marcuse og Jean-Paul Sartre, mellom dei aller mest lesne av den tidas «Nye venstre». Sterkt inspirert av Jean-Paul Sartre sin nymarxistiske samfunnsteori, men mykje meir løysingsorientert enn den til tider noko negative Marcuse, søkte Gorz å utarbeida eit sosialistisk perspektiv, som skilde seg både frå den sosialdemokratiske reformistiske vegen og frå den ortodokse kommunismen. Hovudpoenget i Groz sin strategi var at sosialisme, og måten å skapa den på, måtte medføra ei utviding av individuell og kollektiv sjølvstyre. For Gorz var «autonomitet» sjølve essensen av sosialisme, ikkje berre for å redusera framandgjeringa, men for å ta kontroll over alle sider av livet. I fleire bøker, m.a. «Stratégie ouvrierère et néocapitalisme» (Nykapitalisme og arbeiderklassen) (1964), «Le Socialisme difficile» (Den vanskelege sosialismen) (1969) og «Réforme et révolution» (Reform og revolusjon) (1969), søkte Gorz å koma ut av det han meinte var eit for skarpt og ufruktbart skilje mellom reform og revolusjon. Ifølgje Gorz måtte arbeidarrørsla alt her og no skissera modellar av eit anna og kvalitativ betre samfunn. Ein kunne ikkje, som både sosialdemokratane og kommunistane kvar på sitt vis gjorde, skyva sosialismen ut i ein fjern utopi. Ein måtte kjempa for det moglege. Slik Gorz såg det var alternativet revolusjonære «strukturreformer» – ei rad tiltak som grip inn i og utfordrar den kapitalistiske samfunnsstrukturen og som gradvis utviklar seg til å bli styrkeprøver mellom klassane, der arbeidarklassen sitt medvit og organisasjonsevne blir stadig meir utvikla. Det var såleis arbeidsplassen som var den viktigaste arenaen for det mange har omtala som Gorz sin syndikalistiske sosialisme.