Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Språkpolitisk handlingsplan

I dag er språk eit meir aktuelt emne enn på lenge, både på grunn av globaliseringa og den stadige svekkinga av nynorsken som skulemål. Likevel er språk eit ikkje-tema i norsk politikk, og vårens programhandsaming syner kor upresise og lite reflekterte dei fleste partia er på dette området. Når språket, som utgjer ein så viktig del av kulturen og identiteten vår, blir ein salderingspost i det politiske ordskiftet, vitnar det om manglande evne til å tolke dei språklege strøymingane i tida.

For å forvalte det norske språket og hindre utarming, treng vi både ei partipolitisk oppvakning og ei generell styrking av det nasjonale språkarbeidet. Politikarane skal sjølvsagt ikkje diktere normeringa, men vi må prøve å få til eit symbiotisk samspel mellom folkeleg nyvinning og nasjonalt vern mot unorske former. I den samanheng er det viktig at styremaktene er språkmedvitne og sørgjer for å oppdatere seg på utviklinga innan den moderne lingvistikken. I tillegg til kamp mot anglifisering, bør vi sjølvsagt setje søkjeljos på språkleg rettferd mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar, toleranse for innvandrarspråk og betring av samiskundervisninga. Målet må vere å få i stand ein nasjonal handlingsplan for språkutvikling, der ein skisserer opp langsiktige tiltak for å styrkje norsk språk. Grøn Ungdom og Miljøpartiet Dei Grøne tek språk på alvor, og vi prøver heile tida å fornye politikken vår. Vi kunne sjølvsagt ha vore flinkare, men det er tydeleg at andre har sove meir i timen enn oss. Medan nedrusting pregar programma til dei større partia, er vi i ferd med å meisle ut ein ny og sterkare språkpolitikk. Det er etter vår meining på høg tid å handle, før ikkje berre politikarane, men òg resten av folket, blir språklause tilskodarar til den moderne imperialismen. No er det sjølvsagt ikkje for seint å snu, og vi oppmodar difor Stortinget til å velje bort dagens passive linje. Ein språkpolitisk handlingsplan er ei investering i framtidig kulturrikdom. Mats Indrefjord Høllesli er landsstyremedlem i Grøn Ungdom

Mats Indrefjord Høllesli