Å nei å nei, kor dyr bensinen har vorte. Å fy å fy, kor sinte vi blir. Her ein dag i førre veka kunne eg fylle bensin for 8,79 pr liter. Tre dagar seinare måtte eg betale over elleve kroner for same literen. Så bensin har vorte dyrare. Men er den eigentleg dyr nok? Det er i alle fall lenge til det er bensinprisen som avgjer om eg tek sykkel eller bil på jobb. Bensinprisen er ikkje høg nok til å overvinne latskapen. Ikkje ein gong høg nok til å gje ei slumrande vilje til å leve sunt og på alle måtar miljøriktig, det lille ekstra puffet som skal til for å velje rett. Og bensinprisen er ikkje verre enn at familiens yngste (som er sivilarbeidar og har minimalt med inntekter), ikkje nøler med å køyre bilen han får låne av farmora si til jobb kvar dag. Rett nok er det ein liten bil, men det er også ein gammal bil, og ikkje direkte billeg å køyre. Men han sutrar ikkje. Det er det andre som gjer. Det underlege er at dei største offentlege sutrarane er dei som trur mest på at marknaden skal styre det meste. Og for dei burde løysinga jo vere enkel. Det er berre å få alle til å køyre litt mindre bil. Då blir det selt mindre bensin, og det blir meir bensin på lager. Når etterspurnaden minkar og lagra blir fulle, går prisane ned, dersom marknaden får styre. Så blir det billegare bensin. Dei som meiner at marknaden skal styre, skal i alle fall ikkje sutre. Og vi som meiner at marknaden helst ikkje skal styre så mykje, vi skal heller ikkje sutre. For eigentleg er bensinprisen altfor låg. Eigentleg er all transport alt for billeg. Når det er meir lønnsamt for Trønder-Avisa på Steinkjer å leggje ned trykkeriet sitt og heller sende datafiler til eit trykkeri på Heimdal, 13 mil lenger sør, for så å få ferdigtrykte aviser frakta med bil attende, så fortel det oss at transport eigentleg er alt for billeg, om ein ser det frå trykkeriarbeidaren på Steinkjer sin synsstad. Det finst visstnok berre eitt einaste teglverk att i Norge, sjølv om det finst framifrå råstoff over heile landet. Vi byggjer hus på leirgrunn nesten alle saman og bur på plassar som heter Leirvik og Utleira og har ettenamn som Leira og Leirset og Leirdal. Og vi murar teglsteinsmur over heile landet. Men teglstein blir frakta rundt i heile landet frå ein plass, og lokalt råstoff får liggje i ro. Fordi transport er altfor billeg.