Kurdiske Bilal Mohammad Ghani (30) i Tromsø, som har budd i Noreg sia 1999, har likevel fått avslag på sin søknad om arbeidsløyve. I avslagsbrevet frå Utlendingsdirektoratet (UDI) var det inga grunngjeving. Først da advokaten hans, Siv Østerud, kontakta UDI, kom det fram at han var registrert av politiet og ilagt ei bot på 4000 kroner etter eit trafikkuhell i 2002. Kommunalminister Erna Solberg opna i januar for det statsråden sjølv karakteriserte som «en sjenerøs handling fra Regjeringens side». Kurdarar frå Nord-Irak som tidlegare hadde mellombels arbeidsløyve og hadde fått avslag på asyl, skulle få høve til å søkja om ordinært arbeidsløyve. Det vart sett tre vilkår: dei må kunna forsørgja seg sjølve, ikkje vera kriminelle, og identiteten må vera kjend.