Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kast Bondevik no!

Vi er vitne til ein underleg dragkamp om forsvarsministeren. Det er mykje å lasta Krohn Devold for: Ho har ført Norge ut i fleire krigar og engasjert oss i ein ulovleg okkupasjon av Irak; ho overlet storkontraktane i norsk forsvar til US-amerikansk våpenindustri utan krav om norske underleveransar som motyting; ho omskapar forsvarsmakta til angrepsmakt, og raserer det norske invasjonsforsvaret i rekordtempo; ho gjenomfører denne omlegginga i så stort tempo og med så lita styring at budsjetta sprekk med milliardar; og når nøkkelfolk i Forsvaret klagar eller slår alarm, sørger ho for at Stortinget ikkje får vita om det. Viss ikkje dette er grunnlag for mistillit, så veit eg knapt kva som kan vera det. Likevel vrir opposisjonen seg og leitar etter alle muligheter til å unngå å reisa slikt mistillitsforslag.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?