Etikk takk, tikk-takk
Som medlem av Norsk faglitterær forfattar- og omsettarforeining får eg tilsendt bladet NFF-Bulletin. Eg lyt vedgå at eg ikkje har for vane å lese det med altfor stor interesse. Men det siste nummeret fekk mi udelte merksemd. For kva handlar toppoppslaget om? Jau, Alnæs-saka. I kjølvatnet av Geir Morks no vidgjetne artikkel i Samtiden der Gyldendal-direktøren avslørte underskrivne som den sjarlatanen han visst nok er, har tydelegvis NFF kjent at dei måtte gjere noko. NFF har gjort det slike sameiningar plar gjere når noko er vondt og vanskeleg, dei har sett ned ein komité. Og komiteen «skal utrede bruk av kilder i allmenne historiske fremstillinger. Målet er komme frem til et sett kjøreregler for kilde- og sitatbruk.» Her er det elles berre å konstatere at vi som trudde at slike reglar alt fantes, etter alt å døme har levd i ei villfaring.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent