Katastrofe og ideologi
Filosofen, psykologen og medisinaren William James (1842 - 1910) opplevde eingong ein storkatastrofe. Han var i Palo Alto under San Francisco-jordskjelvet i førstninga av 1900-talet. «Jordskjelvet blei personifisert av meg,» skriv han. «Det kom direkte mot meg. Det stal seg bak ryggen min. Straks det var i rommet, hadde det meg for seg sjølv. Då kunne det sette i gang for alvor. Aldri var illvilje, overlegg og destruktiv intensjon meir opplagt til stades i noka menneskeleg handling. Det som skjedde, hadde ein levande aktør som kjelde og opphav».Trass i kunnskapen sin om geologi, kjende James seg heimsøkt av ein rasande demon. Jamvel om han var eit moderne menneske og klart visste at eit jordskjelv er ei rein naturhending, opplevde han «vondskapen til den Andre». Klarare enn før forstod William James då at «untutored men» vanskeleg kan tolke eit jordskjelv som noko anna enn eit overgrep eller ein straffedom. Ved ein katastrofe kan dei fortvila få ei kjensle av å vere blinka ut. Kvifor oss? Kvifor skal dette skje oss og ikkje dei der? Dette er det jo inga meining i? Dei fortvila kjenner seg stundom svikne, som offer for ein urett. Denne reaksjonen inneber at dei tolkar ulykka som eit overgrep. Straks ein sjølv er eit offer, er der også nokon ein kan skulde. Til og med personar som tidlegare har vore utan gudstru, tar eit oppgjer med Gud. Dei protesterer mot urettferda i det som skjer. Og finn dei ikkje nokon ytre instans å skulde, rettar dei skuldingane mot seg sjølve. Dei oppfattar det då slik at endåtil sjølvskulding er mindre ille enn den totale togna til eit amoralsk, meiningslaust og tilfeldig univers.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent