Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Prestens tale (del 2)

Men karane arbeidde i skogen, og hestekøyrarane la timberet ute på fjordisen. Der skulde det liggje til våren kom, og vatnet tok det med. Og millom køyrarane var han Wilfred og far hans, og i kvildi samlast dei inne på land, la plagg på hestane og fôra dei, kokte kaffi og vermde kakeskivone på glørne. Kvitrima munnskjegg, utslitne frakkar, øyrelappane nede på bremluvone, og i krinsen kring vermen sat far hans Wilfred på ein turrgranstokk, tunn og hengslut og lang og mager i halsen.