Vera Drakes hemmelighet (Vera Drake, Storbritannia 2004)Regi og manus: Mike LeighFoto: Dick PopeMusikk: Andrew Dickson Med: Imelda Staunton, Richard Graham, Eddie Marsan, Anna Keaveney, Alex Kelly, Daniel Mays, Adrian Scarborough, Heather Craney2 t. 5 min.seks stjernerDet er ikkje ofte ein får sjå så heilstøypte kunstverk som «Vera Drakes hemmelighet» på kino. Her har alle elementa ved Mike Leighs tidkrevjande, eksperimentelle, men pertentlege improvisasjonsmetode smelta saman til ein heilskap som ikkje kan skiljast i sine einskilddelar. Her er ein overflod av meiningsberande detaljar, frå ein nervøs peikefinger til bruken av den allstad nærverande tekanna. Eit imponerande resultat av nitid, gjennomtenkt arbeid med alle filmfunksjonane – toppa av ei skodespelarbragd frå Imelda Staunton, men også frå heile ensemblet. Resultatet er eit dynamisk tidsportrett som fortel mykje om samfunnet før og etter hendingane, eit menneskeportrett og eit familieportrett som både er universelt gjenkjennande og særmerkt i sin tragiske lagnad. Samstundes som filmen er som ei reise tilbake til 1950, greier han å vera vesentleg for og aktuell i vår samtid, sidan spørsmålet om abort igjen har vorte eit akutt stridsspørsmål. Vi vil neppe heller få sjå ein meir hjartevarm film i år. Familien Drake lyser opp både formørka sjeler og intellekt.