Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Går imot Erna

Regjeringa foreslår særleg restriktive reglar for kurdiske flyktningar frå Nord-Irak som har vore mellombels i landet i inntil fem år. Både Utlendingsdirektoratet, biskopane og Advokatforeningen protesterer.

Eit framlegg om særeigne reglar for vurderingar av «tilknytning til riket» for kurdiske flyktningar frå Nord-Irak som har vore lenge i Noreg, har vore ute på høyring. Etter framlegg frå Kommunal- og regionaldepartementet skal det ikkje leggjast vekt på kor lenge desse flyktningane har vore i landet når deira søknader om asyl/opphaldsløyve skal vurderast. Høyringssvara viser at det er stor motstand mot framlegget frå kommunalminister Erna Solberg.