Med blikk for det globale
Erik Reinert er utdanna ved Harvard. Han er både siviløkonom og sosialøkom, han er tidlegare forskingsleiar i Norsk investorforum og seniorforskar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. No har han ei stilling som professor ved Universitetet i Tallinn, Estland, der han byggjer eit masterstudium i økonomi slik han sjølv meiner økonomi skal studerast. Og då blir det visstnok andre bollar. For Reinert legg ikkje fingrane i mellom. Økonomar flest er nyttige idiotar for ein nykolonialistisk verdsorden som held milliardar av menneske nede i fattigdom. Lett angrande nyliberalistar som den amerikanske professor Jeffrey Sachs bør «halda kjeft» og bistandsminister Hilde Frafjord Johnsen er av same ulla som velmeinande vestlege misjonærar i teneste for imperialismen alltid har vore. Lett komprimert er det sånt du får høyra frå denne mannen. Men fyrst: «Hvorfor er de så fattige?»
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn