Damm forlag har vorte meir enn Harry Potter. På toppen av lanseringslista til forlaget i vår står den britiske militærkronikøren Anthony Beevors «Paris – Etter frigjøringen 1944-1949». Damm gav også ut Beevors «Berlin – Nederlaget 1945» og forfattarens andre bøker om 2. verdskrigen «Stalingrad» og «Mysteriet Olga Tsjekhova» har også kome på norsk. Paris-boka – som Beevor har forfatta samen med kona si, Artemis Cooper – skildrar intrigar og maktkamp i kunstnar-, politikar- og diplomatlivet etter frigjeringa av den franske hovudstaden. Både Hemingway, Sartre, Simone de Beavoir, Picasso, Gertrude Stein og Samuel Beckett opptrer i boka. Det er framleis omsett litteratur som pregar Damm-listene. Ein annan kjent forfattar for norske lesarar, er filosofen Alain de Botton. Forfattaren har tidlegare mellom anna skrive «Filosofi som lindring og trøst» og «Kunsten å reise». No kjem bestseljaren «Statusjag» på norsk. Meir samtidskritikk, men frå eit heilt anna hald, kjem det i boka «Masseforakt – Kampen mellom høy og lav kultur i moderne samfunn» av Peter Sloterdijk. Eivind Tjønneland har skreve føreord.