Du kan bla til neste sideBla med piltastene

De utvalgte

FILM Mot veggen (Gegen die Wand, Tyskland 2004)Regi: Fatih AkinMed: Birol Ünel, Sibel Kekilli2t 1minGullbjørn-vinnaren frå Berlin i fjor har kome til norske kinoar. «Mot veggen» er ei velspelt, velskrive og medrivande historie om to desperate, kjærleiks- og fridomssøkande tyrkarar i Tyskland. Filmen er sørgjeleg aktuell med sin spissformulerte debatt kring ein kvinneundertrykkande, paternalistisk føydaltradisjon som blir broten mot vestlege, sekulære ideal om individuell fridom. Tittelen skildrar situasjonen til hovudpersonane, men her er det eigentleg ein forkasteleg mannskultur som blir halden mot veggen og avkledd. Fatih Akin vart fortent kåra til årets europeiske regissør 2004 for denne usentimentale og sterke samtidsforteljinga.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen