Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV og pensjonane

Av grunnar som ikkje umiddelbart er krystallklåre ynskjer no leiande krefter i SV å takke ja til invitasjonen frå Jens Stoltenberg om å arbeide fram eit pensjonskompromiss mellom partia på venstresida. Stoltenberg sine motiv for å kome med invitten er høgst rasjonelle. Eit pensjonsforlik mellom Ap og regjeringa (og eventuelt også Frp) vil vere både enkelt og særs fristande å skyte ned dersom komande stortingsval skulle gje fleirtal for dei tre partia på venstresida. Dessutan veit Stoltenberg at han og resten av høgresida i Ap vil oppnå langt meir ved å få pensjonsspørsmålet handsama i inneverande stortingsperiode, enn kva dei kan håpe på om ei Solidaritetsregjering skulle sjå dagens lys.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?