Slurvefeil frå forlaget
I dag legg tidsskriftet Samtiden ut ein artikkel av Ottar Grepstad på nettsidene sine. Artikkelen har fått tittelen «Historien om Norge: den andre historia». Her dokumenterer Grepstad ei rad nye slurvefeil i det omstridde historieverket. Grepstad har gått gjennom kjeldelistene i «Historien om Norge» og finn så mange slurvefeil at han må undre seg over korleis dette har kunna passere i forlaget. Grepstad nemner ei liste lang som eit vondt år, med feilstava namn: Knut Kjeldstadli blir Knut Kjeldstad, Ronald Grambo blir Ronald Gambo, Mimi Sverdrup Lunden blir Mimi Sverdruo Lunden, Dag Kullerud blir Dag Kullrud, Gunnar blir Gunnnar og Ass blir Aass, osb. Som regel er det lett å skjøne kven det siktast til, somme tider er det verre. Forfattaren Kumle, Sterin står som medforfattar av boka «Den norske velferdsstaten». Det er ikkje umiddelbart lett å dekode tastefeila til den intenderte Stein Kuhnle.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn