Cirka Teater:«Opus 1»Teaterhuset Avant Garden/Trondheim KunstmuseumInstruktør: Anne Mali SætherScenografi: Gilles BergerKomponist: Ragnhild FaanesDei som er med: Erlend Smalås, Ragnhild Faanes og Anne Marit SætherCirka Teater i Trondheim er ei sjeldan blome i den norske teaterfloraen. I tjue år har ekteparet Anne Marit Sæther og Gilles Berger skapt magiske framsyningar der fysisk teater og fantastiske scenografiske løysingar har vore dei viktigaste ingrediensane. Dei har utmerka seg med ei særs kresen haldning til det fysiske uttrykket, og levert eit tjuetals produksjonar som har det sams at dei er gjennomførte ned til minste detalj og med ein scenografi som er små kunstverk i seg sjølv. Med grunnlag i ein økonomi så elendig at dei stadig har vore på kanten av å gi opp, og frå ein iskald fyringsbunker på den tyske ubåthamna Dora i Trondheim, har dei trylla fram den eine framsyninga meir spektakulær enn den førre. Tjue år er det blitt, og det har resultert i ei storstilt feiring av seg sjølv. Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum har opna dørene for ei omfattande utstilling av scenografiske element frå fleire av produksjonane deira. Og samstundes med ei halsbrekkande utstillingsopning på laurdag, har dei funne tid til premiere på ei ny oppsetting; Opus 1.I samband med slike utstillingsopningar er det vanleg med nokre talar og ein kulturbyråkrat som klipper av ei snor. Men det blei sjølvsagt for snautt for Cirka. På fortauet utafor Kunstindustrimuseet laga dei like godt eit gateteater som var ein slags potpurri over tidlegare produksjonar, som opninga av Gardermoen, Den 5. årstid og Poste Restante for å nemne tre. Det var som å møte att gamle kjende. Etter kvart kom også Kurt, den sjarmerande truckkøyraren frå barnebøkene til Erlend Loe, og på trucken meir låg enn sat Kongen sjølv klår til å klippe snor. Men byråkratane frå 5. årstid godtok ikkje saksa hans, og så blei gode råd dyre. Då er det den scenografiske tryllekunstnaren Gilles Berger trår til. Frå himmelen kjem ein maskekledd mann dalande ned med godkjend saks, og dermed blir det opning. Velregissert, spektakulært og slik berre Cirka Teater kan gjere det. Utstillinga av scenografi og videosnuttar frå produksjonane blir ståande i Kunstindustrimuseet fram til over jul og er meir enn verd eit besøk.