Extreme fiddle power
Majorstuen:«Jorun jogga»Majorstuen Fiddlers CompanyHistoria om Majorstuen er ei soge om seks studentar ved Norges musikkhøgskule i Oslo som hadde det så kjekt i lag at dei i fjor gav ut plate. For denne plata fekk dei Spelemannspris og lovord både i inn- og utanlandsk musikkpresse. Men med innspeling nummer to er det alvor. For forventningane til oppfølgjarplata, «Jorun jogga», har vore formidable. Og berre for å ta det med ein gong: Tittelen på plata er inspirert av synet av den eine bandmedlemmen, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, springande i blå joggesko. Det synet skal visstnok vera ei eineståande oppleving.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn