Fleksibel arbeidstid er mest vanleg i yrke som krev høg utdanning. 70 prosent av dei som arbeider i offentleg administrasjon og 57 prosent av dei i finansiell og forretningsmessig tenesteyting har fleksibel arbeidstid, det vil seia at dei innafor visse rammer sjølve kan velja både når arbeidsdagen skal starta og når dei skal forlata arbeidsplassen. 37 prosent av dei mannlege arbeidstakarane og 30 prosent av kvinnene har fleksibel arbeidstid. Dette går fram av ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU) for andre kvartal 2004, som blir utført av Statistisk sentarlbyrå (SSB).Varehandel og helse- og sosialtenester er dei næringane der fleksitid finst i minst utstrekning, berre for 15 prosent av dei tilsette. 91 prosent av arbeidstakarane svarar at dei har ein avtale om arbeidstid med arbeidsgivaren. Blant dei ni prosentane som ikkje har avtalt arbeidstid, finst både ein del tilsette i leiande stillingar og dei som berre har jobb når det er bruk for ekstrahjelp eller vikarar.