Grenseoppgang eller vegval?
Definisjonar kan vera viktige i politiske og byråkratiske taugdragingar. I innlegget sitt fredag 5. november tek Laila Ulvseth dette så langt at ho vil avlysa prostitusjonsordskiftet eller stengja ute ei heil liste av kvinnekamporganisasjonar inntil det er vorte spikra ei sylskarp grense mellom det som kan kallast press, utnytting, avtalar eller pengehug på det seksuelle området, og det som kan kallast prostitusjon. Ho om det. Andre av oss lever i ei verd der omgrep har ei kjernemeining, og der juristar, politikarar, organisasjonar og einskildmenneske ringar inn kvar sine gråsonar og ytterpunkt i ein kamp om kva ein skal leggja i desse omgrepa. Når det blir kamp om tydinga, er det vel gjernast av di det finst ulike meiningar om kva vi skal gjera i sakene orda opptrer i. Lat oss tenkja oss eit gryande ordskifte om vi skulle ha nokon slags alkoholpolitikk her i landet. Saka blir stoppa, og grunnen er at det er umogleg å samla full støtte bak ei sams forståing av kva haldning vi skal ha til lettøl, surmjølk og mislukka solbærsaft. Det blir med Ulvseth som med alle oss andre: Kva vi er, blir bestemt etter kvart som vi vel oss kva fiendar vi vil ha.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn