Feriemoral
Å skriva ein kommentar til Klassekampen midt i ferien er ei utfordring på fleire plan. For det første kan eg ikke finna mykje i mediebiletet som det er verdt å skriva om. Stavanger-ranarar og togkollisjonar i Tyrkia kjennest ikkje heilt som mitt bord. For det andre er det ferie, og ferien skal helst brukast til heilt andre ting enn det produktive og nyttige. Helst skal eg ligga i senga eller ute i sola. Skal det gjerast andre ting enn å bare slappa av og eta, er det bare skjønnlitteratur som er godkjent lektyre. Når ein sånn som meg har ferie er politisk litteratur på grensa til det uansvarlege. Då har eg ikkje verkeleg ferie. (Eg lurer kanskje på om Michael Moore-boka mi er såpass lettlest at det kan passera likevel.) Å skriva er til og med arbeid, og slikt produktivt arbeid er eit så kollosalt brot med ferie-idealet at det er til å få dårleg samvit av. Dette stykket tekst er eit produkt av både mangelen på andre ting å skriva om og om den kampen ein utkjempar med seg sjølv for å rettferdiggjera skrivearbeidet i ferien.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent