Du kan bla til neste sideBla med piltastene

EU-valet: Ein dårleg politisk vits

Valet til EU-parlamentet demonstrerer EUs demokratiske underskot på ein overbevisande måte:EU-parlamentet er den felles folkevalde forsamlinga for alle borgarane i EU. Men berre 44,2 prosent av veljarane var så engasjerte at dei gjekk til urnene med røystesetelen no i helga. EU-parlamentet har lite makt. Det kan ikkje vedta lover, slik Stortinget kan, berre godkjenne dei, dersom Ministerrådet og Kommisjonen elles er samde. Samansettinga av parlamentet er ikkje, som i Stortinget, basis for ei regjering (Kommisjonen). Parlamentsvalet er derfor ikkje eit regjeringsval, ikkje eit val av kva politikk EU skal føre, slik eit stortingsval er det. EU-parlamentet kan berre kaste ei regjering med 2/3 fleirtal, medan Stortinget kan skifte regjeringa ut med berre ei røyst i overvekt. Kommisjonen («regjeringa») sit i praksis trygt heva over den folkevalde forsamlinga – det vil seie over demokratiet. Valet var dessutan eit protestval – ikkje primært mot den politikk EU-parlamentet fører – men mot den politikk dei ulike regjeringane i EU-landa fører. I Tyskland protesterte veljarane mot Schröders sosialdemokratiske regjering. I Frankrike derimot protesterte dei mot høgreregjeringa. På dette grunnlaget blir så EU-parlamentet sett saman – ikkje ut frå kva politikk EU-kommisjonen har ført, med EU-parlamentet si avmektige «godkjenning», men ut frå korleis dei nasjonale makthavarane i Berlin, Paris, København osb. oppfører seg. Med andre ord: EU-parlamentet som politisk organ er «irrelevant» for den jamne EU-borgaren. Veljarane greier ikkje å forhalde seg på ein meiningsfull måte til folkevalde organ ut over nasjonalstaten sitt nivå. Samstundes har EU-systemet redusert makta og meininga til dei nasjonale, folkevalde forsamlingane. Verdien av røystesetelen er blitt devaluert i alle EU-landa. Slik sett kan den låge valdeltakinga lesast som ein indirekte protest mot den politiske avmakta EU-systemet har ført EU-borgarane inn i.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen