Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ser ikkje rasismen

Den rasismen venstresida ikkje ser, er langt farlegare enn den rasismen venstresida er medviten om.

Utgangspunktet mitt for å grava i jødisk historie er havariet til Oslo-prosessen og visjonen om to statar i Palestina. Eg trur mange europearar ikkje ønskjer å sjå problemet i augo: At røtene til den jødiske rasismen stikk svært djupt. Arthur Koestler skreiv i 1955 (1): «I ghettoane i Polen song ungdomane nidviser om den fulle gojimen som ikkje var eit hår betre enn dei antisemittiske visene om 'Kike' og 'Jidd'. Ein forfølgd minoritet har sjølvsagt gode orsakingar for å møta fiendskap og forakt ved å betala tilbake i same mynt, men poenget mitt er at vi ser ein vond sirkel: Ein religion som i det sekulære liv krev eksklusivitet etter rasekriterie skapar i seg sjølv utrivelege reaksjonar. Religionen til jøden sette han til sides, og inviterte til å setja han til sides. Det arkaiske stammeelementet i religionen framkallar antisemittisme på det same arkaiske nivået. Ikkje noko mengde av opplysing og toleranse, av indignert protest og engasjerte oppmodingar kan bryta denne vonde sirkelen. (…)Den jødiske religionen er, i motsetnad til alle andre, rasediskriminerande, nasjonalt segregerande og sosialt spenningsskapande. Når dette grunnleggjande faktumet, som blir underbygd av prova i det gamle testamentet, dei hundrevis av heilage kommentarar og den vanlege jødiske bøneboka, blir fast og uomtvisteleg etablert i medvitet vårt og dei umedvitne motstandsmekanismane mot å akseptera dette faktumet blir overvunne – først då har vi teke første steg mot å løysa problemet.»