Når urkvinnene vaknar
Eg har stilt spørsmål ved kva for grunnleggjande verdiar som dominerer ammeopplysninga i Norge i dag. Eg har vist til Gro Nylander sin film «Bryst er best», men også rådande common sense når det gjeld synet på dagens mødre, som ei moderne, mjølkeproduserande moder jord, som i kraft av å vere ei mest mogleg naturleg mor – også er ei god mor. Utsegner frå Gro Nylander underbyggjer denne påstanden. Mellom anna seier ho at ei kvinne som vel bort amming til tross for at ho har «en grei anledning» til å amme – ikkje er ei fullverdig mor. Spørsmålet mitt er kven som skal definere den greie anledninga til å amme. Er det Gro Nylander – på vegne av oss alle? Debatten har sprikt i alle retningar både i og utanfor spaltene. Eg har mellom anna fått fleire mailar med antydningar om at eg må vere barnlaus eller ha store personlege ammeproblem som kan fremje kritikk mot Gro Nylander. I torsdagens Klassekampen seier også Tove Ingeborg Fjell, i eit ellers fornuftig og klokt innlegg, at eg er frustrert og føler meg pressa. Det er nedslåande at vi ikkje kan diskutere dette utan å spekulere i privatlivet til dei som ytrar seg, men dessverre trur eg det er nokså symptomatisk. Amming er eit ømfindtleg tema. Kritiserer du rådande ammeideologi, rokkar du samtidig ved førestillinga om den gode mor. Når det til og med dukkar opp urkvinner i denne debatten, er det grunn til å rope eit varsku. At Nina Hanssen kjenner seg som ei urkvinne når ho ammar sin to år gamle son, er ei opplysning som tilhøyrer privatsfæren – og bør minst av alt bli brukt som argument i det som openbart er ein politisk diskusjon. Etnolog Hilde Danielsen har påpeikt at amming ofte blir brukt som eit (vikarierande) argument for at mor skal vere lengst mogleg heime med barnet i fødselspermisjonen. Ettersom svært få menn tar ut meir fødselspermisjon enn sine tilmålte fire veker, er det all grunn til å stille spørsmål ved samanhengen mellom ammeopplysning og likestilling på dette området. Eg har aldri sagt at amming ikkje er bra, eller at vi bør tilbake til 60-talet der mest ingen kvinner amma ungane sine, som er eit syn eg blir tatt til inntekt for i denne debatten. Eg spør berre om det finst ein samanheng mellom akselererande ammepress og dyrking av mytologien om den naturlege kvinna på den eine sida – og fråværet av fedrar som tar ut fødselspermisjon på den andre sida. Svært få har tatt opp denne tråden. Forskrekka les eg i staden at Eli Aaby i Kvinnefronten hevdar at kvinner som ammar er meir uavhengig av mannen sin, enn kvinner i parforhold der ein brukar morsmjølktillegg og deler på å mate barnet. Utspelet er ei total avsporing, og tvingar fram følgjande påminning: Nokre gonger er det bra og nødvendig at menneske inngår i relasjonar, som inneber tillit og gjensidig avhengighet. Ikkje minst når ein skal dele ansvaret for barn.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent