Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fotball og korgball

  • I Litauen rører ikkje fotballspelet ved hjarto på folk på same viset som t.d. i Noreg. Upptakskampane til EM til neste år gav Litauen berre fjerdeplassen i gruppa si, etter Tyskland, Skottland og Island, og einast med vesle Færøyane attum seg, so noko EM-sluttspel vert det inkje tale um. Her til lands hugsar me det litauiske landslaget best frå ein privatkamp mot Noreg på Ullevaal i august -99. Kampen skulde vore mot Tyrkia, men det kraftige og øydeleggjande jord-skjelvet der den gongi gjorde at ingen kom. I staden kom litauarane på stutt varsel, og i mål hadde dei han som det var mest ved å sjå denne vakre kvelden, Pavel Leus, blettende ung, liten og mager og snaudklypt, kald i augo og ungdomeleg kveisut i andletet. Var han ein stakars rymling frå eitt eller anna? Nordmennene hamra laus på honom. Men so var han spretten og mjuk og mjå som ein hallingdansar og leika seg med motstandarane. Han tok skot og skallingar frå Andreas Lund, Erik Mykland, Ole Gunnar Solskjær og Tore André Flo. Han var personlegdomen på banen. Den eine mot dei mange. Han fanga lettvint eit hardt skot frå Øyvind Leonardsen berre med bringa. Han slo skot beint til vêrs og tok att ballen. Men då tre minuttar stod att, fekk diverre storvoksne Lund beina ballen i mål. Ni av elleve litauiske spelarar på Ullevål den hausten var frå fotballaget Zalgiris. Lagsnamnet er henta frå slagstaden der litauarar og polakkar i 1410 stana vidare tysk hersetjing av Aust-Europa. Men meir enn fotballaget er det korgballaget Zalgiris frå Kaunas, hovudstaden i millomkrigstidi, som gjer mange litauarar varme um hjarterøtene. I 1999 vann Zalgiris den alleuropeiske serien for korgballag. Og landslaget heng ikkje etter, dei vart europameistrar i Stockholm no i haust. Til finalekampen mot Spania den 14. september drog litauarar i tusundtal yver Austersjøen etter å ha snøydd bankane heime for svensk mynt, og i hovudstaden Vilnius rekna politiet med at kring 100 000 menneskje fylte gatone og gledde seg yver sigeren med flag og song og dans. På vegen mot finalen vann litauarane på store korgballnasjonar so som Frankrike, Tysk-land, Serbia og grannelandet Latvia. I lag med Spania og Italia, sylv- og bronsevinnarane i Stockholm, er dei reiduge for OL i Athen i 2004. Andre europeiske lag som skal til Athen er Serbia, dei er regjerande verdsmeistrar, og i tillegg vertsnasjonen Hellas. I sjølvstendebolken i millomkrigstidi vart Litauen europameister tvo vendor, det var i -37 mot Italia og i -39 mot Latvia. Då vert det 64 år sidan sist, men det vil ikkje segja at litauiske korgballspelarar har liggje på latsida i alle desse åri. Dei utgjorde ryggjebeinet i det sovjetiske laget, og millom 1947 og 1981 tok Sovjetunionen heim 14 europameister-skap. Slik landegrensone no er, har Litauen fenge attende den gamle hovudstaden sin som er Vilnius. I millomkrigstidi låg denne byen under Polen og heitte Wilna. Men med Vilnius fylgde storlaget Lietuvos Rytas som er ein hard medtevlar til Zal-giris um å vera beste korgballaget i Litauen. Ingen andre lag har kome nome nær desse tvo dei siste 10 åri.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?