Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Allianse på valdagen

  • Mandag er det valdag. 3. september hadde Arne Rolijordet, Oslo RV, ein kronikk i Klassekampen om «sosialdemokratenes fallitt» og alliansepolitikk på venstresida i den aktuelle situasjonen. Marknadsliberalismen er på offensiven medan sosialdemokratiet er i oppløysing og resten av venstresida har nok med å forsvare dei velferdsordningane som i stor grad er resultat av den sosialdemokratske politikken. Han erkjenner at det sosialdemokratiske prosjektet «er kommet til veis ende». Det er «en historiens ironi» at «vi (= de revolusjonære) står sammen i en innbitt forsvarskamp for det som er oppnådd, men som nå kan ryke, fordi den rå kapitalismen er tilbake i opprinnelig form. Etter min oppfatning deler kommunistene og de revolusjonære skjebnefellesskap med sosialdemokratene. Også vårt prosjekt har spilt fallitt». Han konkluderer med at RV bør støtte eit valsamarbeid for eit nytt byråd – noko Oslo RV alt har gjort. Og ikkje berre det: «Vi bør snakke sammen om mer enn den daglige forsvarskampen. Et oppgjør med globaliseringa og marknadsliberalismen avhenger av en troverdig visjon for et nytt samfunn.» Heilt i tråd med denne tankegangen har SV i Bergen (og andre stader) arbeidd for ein slik allianse gjennom dei lokale avdelingane i LO. I Bergen har RV seks til åtte prosent av røystene og burde derfor vere å rekne med i oppdemminga mot høgrekreftene. Ein kombinasjon av bypatriotisme, populisme og marknadsliberalisme gjer dei svært destruktive. (Jamfør det lokale Berlusconi-syndromet kring den erkebergenske kaffebaronen Herman Friele: «Forza Italia!» = «Få fart på Bergen!») Men RV Bergen har sagt nei. Partiet vil ikkje «gå arm i arm» med Ap som har lagt ned lokale kjøkken i sjukeheimar og so bortetter. Kva er det som gjer situasjonen i Bergen så ulik situasjonen i Oslo at RV i dei to byane fell ned på ulik alliansestrategi? Den einaste skilnaden er at Oslo har eit høgrebyråd, som det er viktig for RV, SV og Ap å kaste, medan det i Bergen er stor fare for å få eit – som truleg vil bli endå verre – sidan Høgre og Frp kan få fleirtal åleine. Viss RV Bergen kan lære av erfaringar frå den andre sida av dei sju fjella, burde konklusjonen vere at nettopp av denne grunn er det viktig å bygge ein venstreside-allianse i Bergen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?