Suksess gir slunken kasse
Dei siste åra har publikum og kritikarar fått både tillit til og forventningar til at den heimeproduserte filmen skal vera både god og underhaldande. Ein ny generasjon filmskaparar har med stor sjølvtillit erobra ein ny generasjon filmelskarar. Blant eit titals namn, skulle det vera nok å nemna Pål Sletaune («Budbringeren», «Amatørene»), Vibeke Idsøe («Jakten på Nyresteinen», «Karlsson på taket») og Pål Jackman («Detektor») som døme på dei mange ulike og særmerkte regissørane som har oppnådd både gode salstal og filmmeldingar. I tillegg har ein «år 2000-fenomenet», då Knut Erik Jensens «Heftig og begeistret» vann Kritikarprisen og selde over 550.000 kinobillettar, berre toppa av Petter Næss? Oscarnominerte «Elling», som fekk nær 750.000 nordmenn til å gå på kino.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn