Sidan USA nektar for at landet er eit imperium, er offentleg debatt om problema til imperiet umogleg. Slik liknar USA Sovjetunionen, som lét som okkupasjonen av Afghanistan var «broderleg hjelp».
* I det siste har det vorte daglegdags å snakke om det «amerikanske imperium». USA har teke den same plassen i den moderne verda som det britiske imperiet hadde under Dronning Victoria si regjeringstid. USA nyt ikkje berre økonomisk og militært overtak, men – som det tidlegare britiske imperiet – har det politisk kontroll over fleire og fleire land.