Å sjå samtida i kvitauget
«Misantropi» er eit ord som går att i omtalane av filmane til Ulrich Seidl. Kanskje ikkje heilt rettvist, men det er i alle fall sikkert at dei dels flaut nærgåande menneskeportretta byr på relativt tøffe sjåaropplevingar. Austerrikaren har til no vore kjend for eit smalt festivalfilmpublikum med sine stiliserte, provokative «dokumentarfilmar». I «Models», «Busenfreund» og «Animal Love» møter vi i tur og orden kjenslemessig avstumpa fotomodellar, ein middelaldrande matematikar som bur heime hjå mor si og relaterar det meste til kvinnebryst, og eit knippe einsame menneske som har kjæledyr i staden for kjærastar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent