Løyser krimgåter
Kontoret til Hilde Henriksen Waage må vera det ryddigaste på heile Fredsforskningsinstituttet, seier dei som er kjende i huset. Her står ringpermane pent og ordentleg i hyllene, på skrivebordet er det god plass, og det vesle som er synleg av papir, er pent ordna. Forskaren sjølv, kledd i sommarleg bomullstrøye og kvite capri-bukser, finn kjapt fram leppestiften når fotografen skal gjera sin del av jobben, og forsikrar oss om at å bli fotografert er noko av det verste ho veit – sjølv om ho etterkvart har fått rikeleg høve til å venja seg til å vera ein delvis offentleg person. Det har blitt mange tv-innslag og debattar med Midtausten-eksperten Waage, og ho har fått erfara at ikkje alle set pris på kunnskapen hennar. Ho har blitt skulda for å vera jødehatar, har blitt trakassert av nynazistar, og har fått tallause brev frå kristenfundamentalistar som ber for henne.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn