Militærpolitikk for venstresida
* Endeleg får vi ein tryggings- og utanrikspolitisk debatt på venstresida på nye vilkår. Det nye er ikkje at USA og dei høgt utvikla kapitalistiske landa sin globale interessekamp skulle ha endra seg grunnleggande. Vesten, særleg USA sine reaksjonar på 11/9 og krigen mot Irak demonstrerer snarare ein lang historisk kontinuitet enn eit brot – slik det siste nummeret av tidsskriftet Vardøger viser. Det nye er at venstresida, gjennom SV sin vokster, for første gong sidan 1961, då SF vart stifta, kan komme i posisjon for forhandlingar om regjeringsmakt etter valet 2005. Det gir den militærpolitiske debatten ein meir «realistisk» horisont for venstresida enn tidlegare. Det er SV sin motstand mot den aggressive militærpolitikken frå USA og Nato som har gjort dette mulig. Men motstanden måtte først avklarast gjennom eit indre oppgjer i samband med krigen i Kosovo i 1999. Det la grunnlaget for partiet sin samlande motstand mot krigane i Afghanistan og Irak. Det var altså ikkje ei tilpassingsline til regjeringsmakt saman med Ap som skapte denne avklaringa i SV og gav grunnlaget for SVs vokster, men tvert om venstresida i partiet sin motstand mot å svekke den klassiske antiimperialistiske profilen. For då «fellesfienden» Sovjetunionen, og dermed den globale maktbalansen forsvann, vart den underliggande imperialistiske karakteren i USA sin dominans tydelegare. Nato fekk fri aksjonsradius for krigføring out of area. Med andre ord: Det er den «klassiske» antiimperialistiske profilen som har ført SV inn i ein posisjon som kan gjere regjeringsforhandlingar mulige i 2005. Samstundes kjempar eit samla parti for velferdsstaten. «Velferdsstat + antiimperialisme» er formelen for venstresida sin framgang i desse tider. Gjennom heile SF- og SV-perioden fram til det siste har utanriks- og forsvarspolitikken vore målboren frå ein avmaktsposisjon. Regjeringsmakta låg utafor horisonten. Kravet om utmelding av Nato har vore reist i ein periode over 50 år(!) der minst 85 prosent av veljarane har sagt ja til Nato. I ein slik situasjon, som fraus fast utanriks- og militærpolitikken, var kravet om utmelding av Nato – som uttrykk for eit grunnsyn – den einaste mulige forma for opposisjon. Utviklinga i Nato, der den aggressive rolla er blitt tydelegare, har vist at dette grunnsynet framleis er rett. Men det betyr ikkje at den strategisk rette parolen om «Norge ut av Nato!» er rett politisk taktikk i den nye situasjonen! Dersom denne parolen vert stilt som eit ufråvikeleg krav i regjeringsforhandlingar med Ap i 2005, vil SV spele seg sjølv ut over sidelinja og dermed miste evna til å påverke norsk utanriks- og forsvarspolitikk i den retninga SV vil: Svekkje Nato. Forsvarspolitikken vil då bli heilt overlaten til Nato-partia – som før. Korleis kan SV gjere framgang for sitt forsvarspolitiske grunnsyn i samband med eventuelle regjeringsforhandlingar? Svaret er opplagt: Ved å gjere det klart at SV ikkje kan sitte i ei regjering som godtar krigføring gjennom Nato utan eit klart mandat frå FN i samsvar med Folkeretten. Dette kravet, derimot, må vere ufråvikeleg. Viss ikkje, vil SV komme i djup konflikt med seg sjølv og slik øydeleggje for sin eigen framgang. Ap på si side – etter Irak-krigen, der Ap til slutt tok eit rett standpunkt – vil få store problem med å avvise dette kravet. Dersom Ap ikkje godtar kravet, vil det vere ei «god» sak for SV å bryte på. Det vil fremje motsetningane i forsvarspolitikken og slik auke medvitet om desse spørsmåla, noko som vil styrke forsvaret for velferdsstaten. For bevisstgjering om at Nato-partia sin kostbare og aggressive forsvarspolitikk out of area trugar det økonomiske og ideologiske grunnlaget for velferdsstaten, er ein viktig lekk i forsvaret av denne.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent