Vil lovfesta tilskott
Utan lovfesting av krisesentertilbodet vil kommunane frå 1. januar 2004 stå fritt i avgjerda om dei skal løyva pengar til krisesenterdrift, og krisesentra fryktar at dei skal bli salderingspost på altfor knappe kommunebudsjett. Frå årsskiftet skal tidlegare øyremerka statlege tilskott til krisesentra leggjast inn i rammetilskotta til kommunane. Regjeringa har no lagt fram ein omfattande plan for å redusera øyremerka tilskott, med den grunngjevinga at kommunane skal få betre høve til å prioritera i samsvar med kva som trengst lokalt. Barne- og familieminister Laila Dåvøy stadfestar overfor Klassekampen at det blir arbeidd i departementet med å få til ei lovfesting som skal sikra krisesentertilbodet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent