Klar for avgang
Alt er som normalt denne morgonen. Passasjerane blir bedne om å festa setebelta, om vennlegst ikkje å røyka. Flyvertinna med mikrofonen fortel kor nødutgangane er – og så er SK376 på vengene. Alt er som normalt. Men likevel – dei kabintilsette veit alle at dei kan stå på dagsorden på det neste styremøtet i SAS. For 4000 tilsette vart kvelden før definert som «overtallige». SAS-styremøtet måndag denne veka gav ikkje noko svar på kva som blir framtida for norske flyvertar og flyvertinner. Men vedtaket om at avdelinga for tungt vedlikehald skal flyttast frå Gardermoen til Arlanda, saman med stygge, raude rekneskapstal er ikkje noko godt varsel. Eit underskott før skatt på nesten 1,9 milliardar kroner for heile SAS-konsernet høyrest ikkje bra ut.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent