Shiamuslimene i den hellige byen Najaf er avventende overfor USAs invasjonsstyrker som rykket inn onsdag. Storayatollah Mirza Ali Sistani nektet å ta imot de amerikanske styrkene og ber folk holde seg i ro.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Viagravår, skål!
Det er vår i lufta og alkoholprodusentane står klare til å lansera nokre «masseøydeleggingsvåpen» til bruk på russefestar.
** Denne våren står i krigen og døden sitt teikn, men når sola byrjar å varma på den nordlege halvkula og vi tar av oss vinterfrakken, er det ingen øydande ørkenkrig som kan hindra kroppslege lengslar å vakna til liv og gje ein etterlengta naturleg rus. For mange kan dei våryre kjenslene vera nok å halda styr på i seg sjølv, ikkje minst for hormonridne tenåringar, men det er sjølvsagt ikkje noko som uroar produsentane av legale, kunstige rusmiddel. Snarare tvert om, dei nyttar heller effektane av vårsola til å tilby noko som i følgje reklamen skal gjera oss til «ein generasjon kåte supermenneske».