– UNE i strid med menneskerettane
For tre år sia kom familien Qukovci – ekteparet Sali og Mevlide Qukovci, Xhyla, mor til Sali, og barna deira – til Noreg. Mirjeta, som no er ni år, og den eldste i søskenflokken, har aldri kjent den biologiske mor si. Farmor Xhyla har tatt seg av henne sia ho var tre veker gammal, og har heile tida vore den Mirjeta har sett på som mor. Familien Qukovci har søkt asyl i Noreg, og fått avslag. For to veker sia fekk dei beskjed om at dei skulle reisa ut av landet i løpet av tre dagar. Dette har skapt ein håplaus situasjon. Den eldste i familien, Xhyla, har frå før fått rett til opphald på grunn av si dårlege helse, men har ingen andre slektningar i Noreg. Fordi eldstejenta er så sterkt knytt til farmora, fryktar dei som kjenner henne, inkludert PP-tenesta i kommunen og psykologen som har uttalt seg som sakkunnig, at ho vil få det urimeleg vanskeleg dersom familien må reisa frå landet. Farmora er framleis hennar «primære tilknytingsperson».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn