Operahus med mangfald?
Natt til tysdag vedtok Stortinget kostnadsramma for den nye operaen. 3,3 milliardar kroner er den bindande summen. Få trur vel at dette blir det verkelege sluttresultatet, og den tvilen har for lengst utvikla seg til den dominerande underdebatten i den årelange «Operasaka». Ei sak som så langt har gjeve større vekst i norsk konsulentbransje enn i kulturlivet og som for framtida har gjeve materiell til fleire forskingsrapportar, men ingen om musikk. Utan å trøytta med ein fullstendig repetisjon, har operasaka handla om politisk posisjonering og maktspel, om byutvikling og distriktspolitikk og ikkje minst om veg, bil(istar) og dei geologiske tilhøva inst i Oslofjorden. Det mest konkrete resultatet så langt er Olav Thons nye, prangande hotell. Og no, alt før operafundamentet er på plass, er arkitektar, politikarar og journalistar i hovudstaden i gang med å drøfta bygging av høghus kring det store, men låge og minimalistisk utsjåande bygget i Bjørvika. Etter kvart som problema kring lokalisering, arkitektur, økonomiske rammer og trafikk får si løysing, er det på tide å slå eit slag for å ta opp kulturdebatten kring operaen att. Kva skal skje inne i praktbygget? Ein seigliva myte seier at dette ikkje interesserer folk. At opera er ein borgarleg mellomeuropeisk finkultur som det ikkje finst tradisjon for i Noreg. At operabygget vil bli ein meiningslaust dyr møteplass for ein klikk som i hovudsak vil gå dit for å stadfesta sin sosiale status og at ein brøkdel av publikum vil vera genuint interessert i musikken.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn