Eit parti i panikk
Etter at Klassekampen opna serien «Ap i krise» har partiet falle djupare ned i tragedien, godt under 20 prosent på meiningsmålingane. Fløykjemparar og leiarskribentane som ved 30 prosent oppslutnad retta skytset mot Thorbjørn Jagland på grunn av elendige resultat har sett Jens Stoltenberg blir statsministerkandidat, dei har sett regjeringa Stoltenberg koma, tapa og gå, dei har sett 25 prosent, dei har sett intens maktkamp fram til Jagand meldte sin avgang, og deretter har dei smakt på 16-talet. Diagnosen «Jagland har skulda» blir ikkje like frekvent kringkasta lenger. Men vi høyrer heller ikkje kobbelet av politiske Oslojournalistar stilla diagnosemakarane i Stoltenberg-fløya til veggs med spørsmålet «Tok du feil?». Jens-partifløya er i den politiske journalistikken å likna med ei verna bedrift, slik ho var det under den store Gro. Like fullt er partiet inne i si største krise, til tross for innsatsen til Stoltenberg og hans lag av rådgjevarar, reklamemenn og mediekompisar. Ingen kunne visst at det skulle gå slik, meiner professor Trond Nordby ved statsvitskap, Universitetet i Oslo. Ingen kunne sagt at det ikkje ville gå slik heller, forresten.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent