Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den farlege klassetenkinga

Eit parti frårøva politikken sin, utan evne til å kommunisere med veljarane. Gjennom Klassekampens debattserie har vi fått innblikk i mange ulike årsakar til Arbeidarpartiet sitt fall og kva utfordringar sosialdemokratiet og venstresida står overfor. Parallelt har Ap skutt seg sjølv i foten i klønete forsøk på offentleg sjølvransaking. Paringa mellom gubbevelde og ekspertvelde i leiinga har mildt sagt gjeve eit uheldig resultat. Når Arbeidarpartiet ikkje kan lene seg på ein stabil sosial klasse som veljargrunnlag og ikkje er ein garantist for velferdsstaten lenger, har dei mista både kropp og klede. Slagordet «Modernisering i offentlig sektor» som Stoltenberg hadde store forventningar til, er eit typisk utslag av mangelen på tydeleg politikk i Ap. Slagordet skremmer bort dei veljarane som ønskjer å verne om velferdsstaten, men lokkar heller ikkje til seg dei som vil redusere skattar og avgifter. Den elendige retorikken i Ap heng sjølvsagt saman med at partiet har lite å meddele. Og det dei prøver å formidle fangar ikkje utfordringane i dagens samfunn.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen