Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det politiske dramaet rundt teaterstykket «Ways of Seeing» får merksemd utanfor landegrensene:

Vekkjer oppsikt

ISOLERTE: Den tyske journalisten Kai Strittmatter reagerer på at media isolerte kunstnarane bak «Ways of Seeing» både før og etter åtaka mot justisminister Waras bustad vart oppklarte. Bilda er henta frå Black Box-oppsettinga av teaterstykket i november og viser Ali Djabbary (over) og Hanan Benammar. FOTO: LEIF GABRIELSEN, BLACK BOX

Den tyske journalisten Kai Strittmatter er sjokkert over debatten rundt «Ways of Seeing». – Eit lærestykke om trugsmål mot demokratiet, meiner han.

– Eg er overraska over kor langt ytre høgre i Norden har greidd å forskyva den politiske normalen i si lei, seier Kai Strittmatter, Skandinavia-korrespondent i Süddeutsche Zeitung.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production