Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Musikk og politikk

Kanarisk renessanse- kvinne

FULL KONTROLL: Under artistnamnet Whalesharkattacks syng Viviana Vega om «sex, død og kapitalisme». Ho skriv og produserer låtane sjølv, i tillegg til å spela alle instrumenta. – Då eg vaks opp, var draumen å gjera alt sjølv. Tenk å vera ein sånn renessanseperson, seier ho.

Då Viviana Vega ikkje fekk bli med i eit rockeband fordi ho var jente, bestemte ho seg for å bli best i alt.

Ho pleidde å føla seg dum. Andre gutar måtte hjelpe henne med å plugga bassgitaren til forsterkaren, sjølv om ho eigentleg kunne det utmerkt godt sjølv. Som 16-åring fekk ho beskjed om at ho ikkje kunne få bli med i eit rockeband fordi ho var jente. Ho hadde saumfare platesjappene på jakt etter plater med kvinnelege førebilete, utan hell.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production