Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Raudlista: Det er noko akutt i denne boka, noko nødvendig som realiserast.

Ei dirrande nerve

Undertekst: Inger Elisabeth Hansen rører ved noko heilt sentralt i det poetiske feltet. foto: margit b. selsjord

Av og til er det berre ei linje som skal til. Ei kort formulering som går som eit ras gjennom heile diktet, og får alt til å snu seg 180 grader. I Inger Elisabeth Hansens seinaste diktsamling møter me ei slik formulering allereie i det første diktet: «Brukte jeg Klippeblåvingen som en farkost for lengselen min?» Fram til dette har diktet vendt seg til den nemnde Klippeblåvingen, ein sommarfugl som lever her hos oss, svevande over solvermde norske svaberg. Etter kvart får me vita at ho er «fordrevet av «arealpolitikken» og «står på den røde lista», slik at diktet blir ein stad der «du blir gjennomlyst av din egen forsvinning som en stjerne slokna/ for lengst».

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production