Nidstonga

  • Denne veka reiser vi ei nidstong over alle som snakkar ned «unge menn» i generelle ordelag! Både dei som er uroa for samfunnsrolla til «unge menn», og dei som irriterer seg over testosteron-brushanar med «entitlement-syndrom». Ein del synest nok at «unge menn» har godt av å kjenna korleis det er å bli skoren over ein statistisk kam, men kven har vorte eit betre menneske av å bli og slått i hartkorn med stigmatiserande gruppekarakteristikkar? «Unge menn» toppar all risikostatistikk, «unge menn» fell gjennom på skolen, «unge menn» røykjer igjen, «unge menn» dusjar i parfyme og knaskar kreatin tørt, «unge menn» ville røysta på Trump om dei kunne, og sanneleg er dei for EU også. Ankepunkta peikar i mange retningar, for «unge menn» er så mangt, men alle er dei ein del av framtida! Gje ein ung mann litt kjærleik, om han «fortener» det eller ikkje. GK

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?