Eg køyrde rundt og leita etter høgrepopulismen, men fant han ikkje. Om framtidas bygdeopprør går til høgre eller venstre er eit opent spørsmål.

Bygdepo­pu­lismen som forsvann

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Det siste året har eg vitja små bygdebyar og einslege gardsbruk i Sør-Noreg på jakt etter eit skrømt: populismen. Nett slik Karl Marx hevda at kommunismens spøkelse fór gjennom Europa i si tid, slik hevdar mange i dag å ha sett populismespøkelset på høglys dag der ute på det europeiske kontinentet. Finnast dette skrømtet også i Noreg?