Barne­bøker

Ungdom! Ungdom!

Når Henrik Ibsen skal gjenforteljast for barn, er spørsmålet korleis ein tek vare på essensen.

Illustrasjon: Sunniva Fluge Hole Illustrasjon: Sunniva Fluge Hole
Barne­bok

Henrik Ibsen

Peer Gynt

Barne­bok

Gjenfortalt av Kåre Conradi

Illustrert av Ingebjørg F. Mæland

Barnebok

Henrik Ibsen

En folkefiende

Barnebok

Illustrert av Sunniva Fluge Hole

Cappelen Dam, 40 sider

Under hundreårsjubileet for nasjonalikonet Henrik Ibsen i 2006, fekk alle norske 17-åringar ei bok av historikaren Ivo de Figueiredo, som heldt på med ein biografi om dramatikaren og i tillegg hadde laga ei utgjeving for ungdom.

Eg var tilfeldigvis 17 år i 2006. Å få tildelt den merkelege boka, med omslagsfotografi av ein nyfødd baby heldt opp-ned i eit institusjonelt rom, nesten som eit slakt, det hugsar eg framleis. Tittelen var: «Slipp meg». Utgjevinga var ei slags tolking av fem av Ibsen sine teaterstykke, der flosshattar og borgarleg interiør glimra med sitt fråvær, så vidt eg minnast. Det som festa seg frå boka, var ikkje handlinga i stykka, men ei rekke sterke samtidsfotografi, kopla med sitat, tekstbitar og «gåter i Ibsens ånd».

Nesten tjue år seinare byr bokhausten på nye attforteljingar av «Peer Gynt» og «En folkefiende», med målgruppe 6–12 år. Initiativet frå Ibsenkompaniet, med skodespelar og kunstnarisk leiar Kåre Conradi i spissen, er prisverdig i seg sjølv.

Mens Ivo de Figueiredo si tilnærming var å servere ungdommen ei temmeleg fri og radikal attdikting av Ibsen, er linja til Kåre Conradi meir som ei pedagogisk og etterretteleg omsetjing å rekne. Det er sikkert eit fornuftig val. Å transformere «Peer Gynt» sine to hundre sider med munnrapp dialog i verseform til ei biletbok på førti sider er jo radikalt i seg sjølv. Conradi får imponerande nok med det meste av den viltre Peer sine føretak, frå bruderov på Hægstad gard og vitjing i Dovregubbens hall, til kampen med Bøygen og samtalen ved Sfinksen i Egypt. Gjennom boka blir ein kjend med heile handlingsgangen i stykket, som er illustrert med ein kledeleg eventyrleg og uttrykksfull strek, av erfarne Ingebjørg F. Mæland.

Likevel tek eg meg i å sakne sjølve kjernen, viss ein kan snakke om slikt når det gjeld eit stykke best kjent for sin lagvise løk. Dynamikken mellom personane! Dei frekke og humoristiske dialogane! Rytmen og drivet i verseforma!

Vel får barnelesaren med seg heile handlinga, men dei går glipp av gleda i dei einskilde scenene. For å ta berre eitt eksempel frå originalen sitt livlige overskot, som kunne ha gjort inntrykk, nemleg når Dovregubben kritisk studerer sin komande svigerson Peer: «Sant nok, han har kun et eneste hode / men datter min har jo heller ikke fler. / Tre hoders trolle går rent av mode / selv tvehoder får en knapt øye på / og de hoder er enda kun så som så.»

For å kunne formidle så mykje handling har Conradi innført ein allvitande forteljar. Det gir seg utslag i formuleringar som «mor begynner å bli svimmel av historien Peer forteller», som kjennast litt grå i samanlikning med dei mange fargerike sitata i originalen. Eg synest det fungerer betre når Conradi lèt handlinga bli driven framover gjennom dialog. Det opnar i større grad eit rom for det underforståtte, og for humor. Samtidig forstår eg pragmatikken i valet, sidan det å i større grad lene seg på showing, (heller enn telling), ville krevje ei mykje tjukkare bok.

Med den andre attforteljinga lukkast Conradi og kompani betre. Det kjem kanskje av at «En folkefiende» (1882), i motsetnad til «Peer Gynt» (1866–67), er skrive etter at Henrik Ibsen utvikla den realistiske dramaforma han i dag er mest kjend for. Her er det ingen vers, men vanleg prosa i dialogane, og handlinga er avgrensa i tid og rom, noko som gjer det til ei meir takksam oppgåve å destillere den. Også her synest eg framstillinga fungerer best der dramaet rundt den sanningssøkande dr. Tomas Stockmann blir drive fram gjennom dialog, med forteljarstemma tona ned. Boka blir dessutan lyfta av illustrasjonane til Sunniva Fluge Hole. Ho leikar seg med perspektiv, symbolikk og teikneserie-effektar, og lagar uttrykksfulle portrett av Stockmann-familien og deira motstandarar og myldrande tablå frå småbyen med det forgifta bade­anlegget, som ofte tilfører ein eigen humørfylt dimensjon. Kanskje kan dette overskotspreget tenne ein Ibsen-gnist hjå barnelesaren?

Dermed er vi framme ved det sentrale spørsmålet, viss ein då skal sjå på slike utgjevingar som ein form for gateway drugs til den store dramatikaren. For min del held eg nok ein knapp på at det er betre å hive pirrande smular til dei unge, som de Figueiredo gjorde, enn å etterlate dei litt for mette. Som med all stor litteratur er det i korleis det er fortalt og ikkje i kva som forteljast kvaliteten til Ibsen ligg. Det er ein dimensjon eg håper kjem endå betre fram i framtidige utgjevingar i denne serien.