Andrea Bræin Hovig skriv ut ambivalens til metoo-rørsla.

Du også, mor?

DRAMATURGI: Andrea Bræin Hovigs roman handlar om ei mor og ei dotter som har tatt ulike livsval. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN

Å ofre eller bli offer for – ein liten språkleg nyanse, men menneskeleg sett posisjonar med motsett forteikn: Den første eit myndig subjekt, den andre eit hjelpelaust objekt. Spørsmålet i Andrea Bræin Hovigs roman «Siste akt» er kor mykje ein kan ofre – enten det no er for kunsten eller eigne barn – utan å sjølv ende i offerrolla. Notidsplanet i romanen er lagt til 2017 då metoo-rørsla kom til norsk teatermiljø, men belyser også konflikten mellom mors- og kunstnarrolla.

Bokmagasinet