To av haustens forfattarar kan ta over seksualundervisinga i ungdomsskulen.

Villig eller ikkje villig

Viktig: Helene Guåker og Therese Garshol Syversen opnar for samtalar mange unge treng. Foto: Iris Engen Skada/Privat

Ungdomsromanane til Helene Guåker og Therese Garshol Syversen opnar knallhardt og direkte. Allereie på første side av Guåkers «Ned i skjul» kan vi lese at «[d]et begynner å dunke i fitta mi» når den snart 16-årige Agnes gler seg til å rote med ein av gutane i klassen. Syversens «Eg skal rive deg i filler» opnar med filminga av ei gruppevaldtekt. Dei to forfattarane har angripe same tematikken frå totalt ulike innfallsvinklar. Guåker skriv humoristisk om alt trøbbelet du kan kome opp i om du er kåt og uerfaren, medan Syversen skriv om korleis den 18-årige Iben er på hemntokt etter at litlesøstera hennar døydde som følgje av valdtekta.