Ti år gamal var Astrid Sjelmo kurér og grenselos under krigen. Boka om henne fortener mange lesarar.

«Har det vore krig i Noreg?»

Illustrasjon: Camilla Billett

På veg frå barnehagen ein dag peika seksåringen min på ein bautastein og spurde kva det var. Då eg sa at det var ein slags minnestein over folk som døydde i krigen, gjorde ho store auge. «Har det vore krig i Noreg, mamma?»