Trude Drevland har hatt mange rare målsettingar i livet. Ein av dei har ho greidd. Det er å aldri sakne noko ho er ferdig med.

Ser ikkje tilbake

Full fres: Trude Drevland reiser heim kvar sommar. Etter at dottera var fødd, køyrde ho rett frå Bergen til Melbu i Vesterålen. Foto: Privat

Det er sjeldan ein kjedeleg dag i livet til Trude Drevland. Den tidlegare sjukepleiaren har vore ordførar for Høgre i Bergen, ho har vore sikta for grov korrupsjon etter sjøsetting av eit krusskip i Venezia, og ho har vore med på «Skal vi danse» på TV 2.