Me snakkar for lite om klassestrukturen i jordbruket, skriver Eirik Magnus Fuglestad.

Kven er den norske bonden?

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Det var ein stor folkemasse av protesterande bønder utanfor Stortinget den 18. april. Dei var der for å visa misnøya si med regjeringa sitt forslag til inntektsopptrapping i jordbruket. Inne i stortingssalen, der debatten om opptrappinga fann stad, var det vanskeleg for politikarane å bli samde om ein plan. Usemja handla om timetal, normeringsgrad og avkastning på eigenkapital. Dette er til dels kompliserte økonomiske teoriar, men debattane om desse fortel oss noko konkret om korleis klassestrukturen i jordbruket har blitt.