I ein stor garasje like ved kaia i Kirkenes står Matvey Shchetnev og ryddar på plass eit lydsystem. Frå ei stor kasse trekker han opp leidningar, skruar og mikrofonar og plasserer dei nøye i små skuffer langs veggen.
Etter to år famlar framleis folk i grensebyen Kirkenes etter korleis ein skal forhalde seg til den russiske naboen i aust.