Det er ikkje individet som er sjukt. Det er realitetane som er problemet.

Psykiske plager er ikkje sjukdom

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

I Klassekampen for 14. februar skriv Mímir Kristjánsson med dei beste intensjonar at «Første bud kan være å bli enige om at psykisk sykdom også er ekte sykdom». Dei som har psykiske vanskar skal bli møtte med respekt, omsorg og den hjelpa dei treng. Men psykiske plager er ikkje sjukdomar, og dei liknar ikkje ein gong på sjukdomar. Tanken om at plagene er sjukdomar, har ført til mange av dei alvorlege problema som psykisk helse-feltet slit med. Utan ei rettare forståing av dei psykiske vanskane sin natur, vert problema ubotelege.